Hopp til innhald

Byglandsfjord Sag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. november 2016 kl. 08:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Om nytt flisfyringsanlegg 2016)
Tømmerlager med sagbruket i bakgrunnen
Skurlina på Byglandsfjord Sag
Foto: Reidar Tveito

ANS Byglandsfjord Sag er eit sagbruk og høvleri som ligg på VassendøyaByglandsfjord. Bedrifta har 26 tilsette (i periodar 2-4 ekstra tilsette), dei fleste med fagbrev eller autorisasjon innan trelastarbeid, og omsette i 2011 for 54 mill. kroner. I 2015 var omsetninga 58,5 mill. Sagbruket sagar ca. 50.000 m³ tømmer kvart år og sel trelastmaterialar engros, både kvit- og trykkimpregnert, til byggeforretningar, for det meste på Sørlandet og Vestlandet. Dagleg leiar (2016) er Roger Lund.

I 2016 installerte saga eit nytt flisfyringsanlegg til 7 millionar kroner. Anlegget var levert av Bygland Varmesentral. Innovasjon Norge støtta tiltaket med 2,2 mill. kroner via sitt bioenergiprogram.

Historie

Byglandsfjord Sag vart starta opp som KS Byglandsfjord Sag 9. oktober 1986. Då var produksjonskapasiteten 40.000 m³ i året på eitt skift. Sagavdelinga vart utvida i 2002. KS-firmaet vart overteke av ANS Byglandsfjord Sag i 1988. Firmaet har desse eigarane:

  1. Marnar Bygg II AS, 52 % eigarandel (eigd av Per Birkeland)
  2. Leif Hübert AS som har 48% eigarandel

Kjelder

Eksterne lenker