Ljoren
Utsjånad
Ljoren var det firkanta holet (gluggen) i taket på dei gamle årestogene der røyken frå åren slapp ut. I nyare tid låg det ei ljoredytte over opninga når dei ikkje elda. I eldre tid, medan folk budde heile året i årestoga, var holet dekka av ein skjår.