Brokke Nord: Skilnad mellom versjonar
s Lenkefiks Sarvsfoss |
s Presisert en kategori |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Otra Kraft]] | [[Kategori:Otra Kraft]] | ||
[[Kategori:Valle]] | [[Kategori:Næringsliv i Valle]] | ||
[[Kategori:Bykle]] | [[Kategori:Næringsliv i Bykle]] | ||
Versjonen frå 15. februar 2022 kl. 13:33

Brokke Nord er eit prosjekt i Otravassdraget. Otra Kraft fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, Bjørnaråa, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken vart førte over til Sarvsfoss gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg dam Sarvsfoss for å demme opp for to inntaksmagasin til Skarg kraftverk i austenden av Botsvatn. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel.
10. oktober 2014 opna olje- og energiminister Tord Lien Brokke Nord. Utbygginga auka kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til 9000 bustader. I alt er det bygd nærare 20 km tunnellar og det er laga ni bekkeinntak.[1]
Strid med grunneigarane
Det er sju grunneigarar med fallrettar i området. Det er Torgeir Bjørnarå, Thor K. Lunden, Vidar Nomeland, Bjørg Brokka Rike, Svein Brokka, Birgit Hoslemo Brokka og Tor D. Lunden. Dei kravde overskjøn i Agder lagmannsrett då dei fann at tingretten si avgjerd hadde gjeve for lita erstatning. Agder Lagmannsrett gjorde om tingretten si avgjerd og gav grunneigarane medhald i at erstatninga måtte fastsetjast etter verdien ein kunne hatt om ein bygde småkraftverk. I januar 2008 kravde Otra Kraft overskjøn og anka saka til Høgsterett, som avgjorde at Agder lagmannsrett måtte handsame saka på nytt fordi skjønnsgrunnane var mangelfulle.[2]
Referansar
- ↑ Rune Øidne Reinertsen: Nå er gigantdammen ferdig. Artikkel i Fædrelandsvennen 10. oktober 2014 side 14
- ↑ Setesdølen nr. 78, 2010 side 12