Gåseflåfjorden: Skilnad mellom versjonar
s Lenke Kile |
Lagt inn noe om omlegging av Setesdalsbanen |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
[[Nasjonal Sykkelrute nr. 3]] følger den gamle traséen til [[Setesdalsbanen]] på vestsida av fjorden frå Gåseflådammen nordover til [[Kile]]. | [[Nasjonal Sykkelrute nr. 3]] følger den gamle traséen til [[Setesdalsbanen]] på vestsida av fjorden frå Gåseflådammen nordover til [[Kile]]. | ||
Oppdemminga førte til at jernbanelinja til [[Setesdalsbanen]] ville kome under vatn i ei lengde av om lag 3 km. Det måtte derfor leggast ny linje, frå litt nedanfor [[Homevassevja]] til [[Sogelia]], eit stykke nedanfor [[Soga]]. Det nye strekket blei om lag 5 km langt. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 8. desember 2020 kl. 17:36

Gåseflåfjorden er ein liten innsjø og oppdemd inntaksmagasin for Iveland kraftverk i Otra, sør-aust for Kilefjorden. Tillatt reguleringshøgde er mellom 167,30 (HRV) og 163,30 (LRV), totalt fire meter. Nord for Gåseflåfjorden ligg Øyna og Øynavatnet i Iveland. Områda sør for fjorden høyrer til Hægeland i Vennesla.
Før oppdemminga av Gåseflåfjorden på byrjinga av 1950-talet var det ein høgdeskilnad på om lag 11 meter mellom Kilefjorden og Gåseflåfjorden. Vatnet frå Kilefjorden rann ned i Gåseflåfjorden gjennom fossefallet Soga ved Kile. I dag gjer oppdemminga at heile strekninga frå Gåseflådammen i sørenden av Gåseflåfjorden til Fennefossen i Evje og Hornnes kan reknast som eitt vannspeil.
Nasjonal Sykkelrute nr. 3 følger den gamle traséen til Setesdalsbanen på vestsida av fjorden frå Gåseflådammen nordover til Kile.
Oppdemminga førte til at jernbanelinja til Setesdalsbanen ville kome under vatn i ei lengde av om lag 3 km. Det måtte derfor leggast ny linje, frå litt nedanfor Homevassevja til Sogelia, eit stykke nedanfor Soga. Det nye strekket blei om lag 5 km langt.
Kjelder
- Søknad dagsett 6. mars 2015 frå Agder Energi Vannkraft AS til NVE om å tappe ned Gåseflåfjorden i samband med kanaliseringsarbeider i Dalanekilen
- Salve Øina, Noke frå indre Agder, 2014, s. 7