Hopp til innhald

Ose grendehus: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Storstoga
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
 
Line 6: Line 6:


[[Kategori:Bygninger i Bygland]]
[[Kategori:Bygninger i Bygland]]
[[Kategori:Ose]]

Siste versjonen frå 15. november 2019 kl. 02:29

Ose grendehus.

Ose grendehus vart bygd rundt 1990. Finansieringa kom som følgje av utbygginga av Hovatn kraftverk og andre eksterne kjelder, samstundes fekk ein også rusta opp Storstoga Ose og Ose turistheim. Dette var i ein periode då kulturisme var viktig i kommunane, og arkitektfirmaet Sannes og Steen's Arkitektkontor var inspirert av årestoga i arbeidet med bygget. Difor er det ikkje vindauge på veggene, men lyset kjem frå taket. Det var også viktig at bygget skulle gli inn i miljøet på Ose og ikkje dominere den vesle landsbyen. Difor vart det bygd inn i bakken, ein reiv ei løe og bygde opp att eit bygg som er praktisk med storsal, kjøkken og møterom. I underetasjen er det plass til utstillingar av ulike slag.

Kjelder