Jørgen Tambini: Skilnad mellom versjonar
Utvidet litt + kilde |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
{{DEFAULTSORT:Tambini, Jørgen Kristian}} | {{DEFAULTSORT:Tambini, Jørgen Kristian}} | ||
[[Kategori:Sjøfolk]] | [[Kategori:Sjøfolk]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1893]] | [[Kategori:Fødsler i 1893]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1942]] | [[Kategori:Dødsfall i 1942]] | ||
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:40
| Jørgen Tambini | ||
|---|---|---|
| Født: | 17. august 1893 | |
| Død: | 5. mars 1942 (48 år) | |
Jørgen Kristian Tambini (fødd 17. august 1893 i Hornnes, død 5. mars 1942) var sjømann og døydde ved krigsforlis.
Tambini var fødd og vaks opp på Fennefoss (ved Mølla) og i Lia i Hornnes. Han reiste i ung alder over til Blomkvist i USA. Her blei han gift. Han var sjømann. Seinast i 1940 var han innrullert i den amerikanske marinen. Vinteren 1942 var han ombord i eit amerikansk skip, D/S Collamer, som var i konvoifart til Murmansk. Skipet blei torpedert klokka 6.30 5. mars 1942, utanfor kysten av Nova Scotia. Skipet hadde eit mannskap på 38 mann. 31 berga seg etter forliset. Bare sju mista livet. Dei fleste av desse, og truleg også Tambini, omkom under ein kraftig eksplosjon i maskinrommet.
Foreldra til Jørgen Tambini var verksarbeidaren Angelo Tambini og Åse Knutsdatter Tambini (fødd Moi). Ein veit ikkje om etterkomarar etter han. Men han hadde mange syskjen, som i dag har ei stor etterslekt mellom anna i Vennesla.
Namnet til Jørgen Tambini er hoggen inn i Minnesteinen ved Hornnes kyrkje, som er reist til minne om dei honndølane som mista livet under fridomskampen 1940-1945.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 369 og 376
- Erik Kjebekk, Minne frå ei svunnen tid - historiske gløtt frå Evje og Hornnes, hefte utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2007, side 37