Logna: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
s Ekstern lenke til bildeserie fra elva |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[https://snl.no/Logna Om Logna i Store Norske leksikon] | *[https://snl.no/Logna Om Logna i Store Norske leksikon] | ||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157655428414410 Bilete av elva på Flickr] | |||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 14. juli 2015 kl. 00:43

Logna er ei elv i Bygland og Åseral kommunar. Ho kjem frå Setesdal Vesthei, i området rundt Røinlivatnet i Bygland. Herfrå renn ho først eit stykke i austleg retning, mot Langeid. Så svingar ho i sørleg retning nedover i Logndalen. Ho renn gjennom Hegestøylvatnet, forbi den gamle heiegarden Ånebjør heilt sør i Bygland, vidare gjennom Beinsvatnet, Juvatn og Lognevatnet, og fell ut i Ørevatnet ved Kyrkjebygd i Åseral. Her munnar også Monn ut. Frå utlaupet av Ørevatnet vert vassdraget kalla Mandalselva. Store fossar i Logna er Store Rjukanfoss (38 meter), Litle Rjukanfoss (13 meter) og Kvernhusfossen (32 meter).
Fallet mellom Juvatn og Lognevatnet er bygd ut i Logna kraftverk (20 MW). Ei strekning med 97 meter fall i Austredalen er bygd ut i Smeland kraftverk (24 MW).
Namnet Logna kjem av Logn, roleg, i motsetnad til den fossande vestre elva Monn som Logna renn saman med i Kyrkjebygd.