Hopp til innhald

Brokke Nord: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
dei seks
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
oppdatert
Line 1: Line 1:
'''Brokke Nord''' er eit planlagt prosjekt i [[Otra|Otravassdraget]]. [[Otra Kraft]] fekk konsesjon til dette i 2004, men har ikkje starta utbygginga. Etter planane skal ein føre seks vassdrag, Bjørnaråa, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken over til [[Sarvsfoss]] gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det er planlagt ein 50 meter høg [[dam Sarvsfoss]] som vil demme opp for to inntaksmagasin til [[Skarg kraftverk]], som er planlagde i austenden av [[Botsvatn]]. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel.  
'''Brokke Nord''' er eit prosjekt i [[Otra|Otravassdraget]]. [[Otra Kraft]] fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, Bjørnaråa, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken vart førte over til [[Sarvsfoss]] gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg [[dam Sarvsfoss]] for å demme opp for to inntaksmagasin til [[Skarg kraftverk]] i austenden av [[Botsvatn]]. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel.  
 
[[10. oktober 2014]] opna olje- og energiminister [[:no:Tord Lien|Tord Lien]] Brokke Nord. Utbygginga auka kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til 9000 bustader. I alt er det bygd nærare 20 km tunnellar og det er laga ni bekkeinntak.<ref>[[Rune Øidne Reinertsen]]: ''Nå er gigantdammen ferdig''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] 10. oktober 2014 side 14</ref>


==Strid med grunneigarane==
==Strid med grunneigarane==

Versjonen frå 10. oktober 2014 kl. 09:33

Brokke Nord er eit prosjekt i Otravassdraget. Otra Kraft fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, Bjørnaråa, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken vart førte over til Sarvsfoss gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg dam Sarvsfoss for å demme opp for to inntaksmagasin til Skarg kraftverk i austenden av Botsvatn. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel.

10. oktober 2014 opna olje- og energiminister Tord Lien Brokke Nord. Utbygginga auka kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til 9000 bustader. I alt er det bygd nærare 20 km tunnellar og det er laga ni bekkeinntak.[1]

Strid med grunneigarane

Det er sju grunneigarar med fallrettar i området. Det er Torgeir Bjørnarå, Thor K. Lunden, Vidar Nomeland, Bjørg Brokka Rike, Svein Brokka, Birgit Hoslemo Brokka og Tor D. Lunden. Dei kravde overskjøn i Agder lagmannsrett då dei fann at tingretten si avgjerd hadde gjeve for lita erstatning. Agder Lagmannsrett gjorde om tingretten si avgjerd og gav grunneigarane medhald i at erstatninga måtte fastsetjast etter verdien ein kunne hatt om ein bygde småkraftverk. I januar 2008 kravde Otra Kraft overskjøn og anka saka til Høgsterett, som avgjørde at Agder lagmannsrett må handsame saka på nytt fordi skjønnsgrunnane er mangelfulle.[2]

Referansar

  1. Rune Øidne Reinertsen: Nå er gigantdammen ferdig. Artikkel i Fædrelandsvennen 10. oktober 2014 side 14
  2. Setesdølen nr. 78, 2010 side 12

Eksterne lenker