Tovdal: Skilnad mellom versjonar
s Bilde av Ytre Ramse |
s Bilde av Øvre Ramse |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Ytre Ramse Tovdal 040317 (2).jpg|miniatyr|høyre|Garden Ytre Ramse sør i Tovdal [[4. mars 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Ytre Ramse Tovdal 040317 (2).jpg|miniatyr|høyre|Garden Ytre Ramse sør i Tovdal [[4. mars 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Austenå Tovdalselva 240916 (2).jpg|miniatyr|høyre|Tovdalselva ved Austenå. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Austenå Tovdalselva 240916 (2).jpg|miniatyr|høyre|Tovdalselva ved Austenå. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
[[Fil:Øvre Ramse Tovdal 040317 (0).jpg|miniatyr|høyre|Øvre Ramse 4. mars 2017. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
'''Tovdal''' er eit dalføre mellom [[Skjeggedal]] i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i [[Aust-Agder]]. Frå [[1. januar 1967]] har Tovdal vore ein del av [[Åmli|Åmli kommune]]. | '''Tovdal''' er eit dalføre mellom [[Skjeggedal]] i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i [[Aust-Agder]]. Frå [[1. januar 1967]] har Tovdal vore ein del av [[Åmli|Åmli kommune]]. | ||
Versjonen frå 5. mars 2017 kl. 08:16
Tovdal er eit dalføre mellom Skjeggedal i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder. Frå 1. januar 1967 har Tovdal vore ein del av Åmli kommune.
Tovdal har ikkje gjennomgangsveg. Men Fv-272 går gjennom dalen frå Bås i sør til garden Dale i nord. Større grender er Øvre Ramse, Hillestad og Austenå. Tovdalselva renn gjennom dalen frå nord til sør. Elva har utspringet sitt i Straumsfjorden langt inne i Setesdal Austhei. Rjukanfossen nord for Dale er største fossen. Ein annan stor foss er Staddaren på Austenå. Tovdalsvassdraget er ikkje regulert gjennom Tovdal. Heilt nord i Tovdal, ovafor Rjukanfossen, ligg Årdalen naturreservat som også strekker seg inn i Bygland kommune.
På Hillestad ligg det kjende Hillestad Galleri. Her ligg også Tovdal kyrkje.
Kjelder
- Solveig Austenå, Tovdal, kapittel i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Fagbokforlaget, Oslo 1956, side 707-724
Eksterne lenker
- Artikkel om Tovdal på Wikipedia (bokmål), besøkt 25. september 2016
- Geir Daasvatn sine bilete på Flickr frå Tovdal