Tovdal: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Liten rettelse i geografien |
s Bilde fra Tovdal |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Austenå Tovdalselva 240916 (2).jpg|miniatyr|høyre|Tovdalselva ved Austenå. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Tovdal''' er eit dalføre mellom [[Skjeggedal]] i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i [[Aust-Agder]]. Frå [[1. januar 1967]] har Tovdal vore ein del av [[Åmli|Åmli kommune]]. | '''Tovdal''' er eit dalføre mellom [[Skjeggedal]] i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i [[Aust-Agder]]. Frå [[1. januar 1967]] har Tovdal vore ein del av [[Åmli|Åmli kommune]]. | ||
Versjonen frå 25. september 2016 kl. 10:38
Foto: Geir Daasvatn
Tovdal er eit dalføre mellom Skjeggedal i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder. Frå 1. januar 1967 har Tovdal vore ein del av Åmli kommune.
Større grender i Tovdal er Øvre Ramse, Hillestad og Austenå. Tovdalselva renn gjennom dalen frå nord til sør. Elva har utspringet sitt i Straumsfjorden langt inne i Setesdal Austhei. Rjukanfossen nord for garden Dale er største fossen. Ein annan stor foss er Staddaren på Austenå. Tovdalsvassdraget er ikkje regulert gjennom Tovdal. Heilt nord i Tovdal, ovafor Rjukanfossen, ligg Årdalen naturreservat som også strekker seg inn i Bygland kommune.
På Hillestad ligg det kjende Hillestad Galleri. Her ligg også Tovdal kyrkje.
Kjelder
- Solveig Austenå, Tovdal, kapittel i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Fagbokforlaget, Oslo 1956, side 707-724