Brokke Nord: Skilnad mellom versjonar
s Orto |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Skarg kraftstasjon Botsvatn Bykle 050915-2.jpg|miniatyr|høyre|Skarg kraftstasjon i austenden av Botsvatn. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Brokke Nord''' er eit prosjekt i [[Otra|Otravassdraget]]. [[Otra Kraft]] fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, Bjørnaråa, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken vart førte over til [[Sarvsfoss]] gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg [[dam Sarvsfoss]] for å demme opp for to inntaksmagasin til [[Skarg kraftverk]] i austenden av [[Botsvatn]]. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel. | '''Brokke Nord''' er eit prosjekt i [[Otra|Otravassdraget]]. [[Otra Kraft]] fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, Bjørnaråa, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken vart førte over til [[Sarvsfoss]] gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg [[dam Sarvsfoss]] for å demme opp for to inntaksmagasin til [[Skarg kraftverk]] i austenden av [[Botsvatn]]. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel. | ||
Versjonen frå 14. september 2015 kl. 08:27

Brokke Nord er eit prosjekt i Otravassdraget. Otra Kraft fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, Bjørnaråa, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken vart førte over til Sarvsfoss gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg dam Sarvsfoss for å demme opp for to inntaksmagasin til Skarg kraftverk i austenden av Botsvatn. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel.
10. oktober 2014 opna olje- og energiminister Tord Lien Brokke Nord. Utbygginga auka kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til 9000 bustader. I alt er det bygd nærare 20 km tunnellar og det er laga ni bekkeinntak.[1]
Strid med grunneigarane
Det er sju grunneigarar med fallrettar i området. Det er Torgeir Bjørnarå, Thor K. Lunden, Vidar Nomeland, Bjørg Brokka Rike, Svein Brokka, Birgit Hoslemo Brokka og Tor D. Lunden. Dei kravde overskjøn i Agder lagmannsrett då dei fann at tingretten si avgjerd hadde gjeve for lita erstatning. Agder Lagmannsrett gjorde om tingretten si avgjerd og gav grunneigarane medhald i at erstatninga måtte fastsetjast etter verdien ein kunne hatt om ein bygde småkraftverk. I januar 2008 kravde Otra Kraft overskjøn og anka saka til Høgsterett, som avgjorde at Agder lagmannsrett måtte handsame saka på nytt fordi skjønnsgrunnane var mangelfulle.[2]
Referansar
- ↑ Rune Øidne Reinertsen: Nå er gigantdammen ferdig. Artikkel i Fædrelandsvennen 10. oktober 2014 side 14
- ↑ Setesdølen nr. 78, 2010 side 12